Ein gartnar døyr ( 2011 )

Forfatter: Lucien Suel
Oversetter: Grete Kleppen
Originalspråk: Fransk

du går tett forbi det japanske epletreet, ei grein som ikkje er skikkeleg skoren hengs eg fast i armen din, klorer seg inn i den gamle røde høghalsa ullgenseren din,snart skal du ta hagesaksa og kappe av den friske greina, du kjempar ustanseleg mot naturen, du har gjort det lenge, du veit ikkje når krigen skal slutte

Den franske forfattaren Lucien Suel (f. 1948) har ein omfattande produksjon bak seg. Han er fyrst og fremst kjent som poet, og har gitt ut ei rekkje diktsamlingar. Han har også vore redaktør i tidsskriftet ”The Starscrewer” som var vigd beat-generasjonens poesi og gjendikta Kurt Schwitters og Jack Kerouacs poesi til fransk.

Ein gartnar døyr var hans romandebut, og Suel har her skrive ein særeigen og poetisk prosa. Hovudpersonen minnest eit heilt liv medan han arbeider i hagen, i nær kontakt med det forgjengelege ved både det som veks frå molda og sin eigen eksistens. Språket i romanen gjer meining i eit levd liv mogleg,til trass for, men også i kraft av døden.


Format: Innbundet
ISBN: 978-82-560-1706-5
Pris: Pris kr 320,00

Handlekurven din er tom